Logo Sponsorlogoar


| Halvmaraton | Nibberittet | Miniton | Geirangermarsjen | Siste nytt | Sponsorar | Bilde og video | Resultatservice | Påmelding |

Flydalsjuvet Miniton
(0-304 m.o.h.)

Minitonløypa startar også ved 0 m.o.h. i Geiranger sentrum og følgjer den same løypa som Halvmaraton opp til Flydalsjuvet (304 m.o.h). Løypa er 4,1 km lang og stigningsgraden er ca 1:12. Arrangør er Geiranger Idrettslag.

Løyperekorden vart i 2000 overteke av Tor Marius Torgersen og denne er no på 17:13.

For komplett resultatliste, sjå resultatlister.

Påmelding
Du kan melde deg på enten via nettsida, eller ved start. Kontingenten er den same, og du blir også med i trekninga av gåvepremiar om du melder deg på ved start.

Premiering
Premieutdeling skjer ca. kl 17.00 i sentrum/startområdet. Medalje til alle som fullfører. Det vil også bli 1., 2. og 3. premie basert på justerte tider etter alder, samt trekking av gåvepremiar på startnummer. Regelen om påmelding før 15.juni for å delta i denne trekninga gjeld berre for Nibberittet og Halvmaraton.

Løypekart
For løypekart, klikk her

Flydalsjuvet er eit av dei mest fotograferte turistmotiva i Noreg og har ei flottutsikt rett ned i Flydalsjuvet og ned mot Geiranger sentrum.

Informasjon for deltaking
  • Start ved Mørebilgarasjen kl. 11.30
  • Klasseinndeling: Ei klasse for gutar/herrer og ei klasse for jenter/damer.
  • Startkontingent: 80,-, Barn 16 år og yngre 40,-
  • Påmelding via Internett eller ved start.
  • Garderobe/dusj: Geiranger Skule
  • Ytterlegare informasjon på telefon 41 10 31 85 eller e-post.

Vil du ha meir informasjon? Send ein epost til oss på geiranger@frafjordtilfjell.com, eller kontakt oss på telefonnummer 41 10 31 85

Overnatting/service
Presseomtale
Andre aktivitetar
Reisetips
Tilbakemeldingar
Ta kontakt
Webkamera (Bilde: smp.no)
Brosjyre for 2006 (pdf)



Deltakarar:
41 deltakarar i 2006
43 deltakarar i 2005
58 deltakarar i 2004

Tidspunkt:
17.juni 2006
start kl. 11.30