LogoSponsorlogoar

Påmelding
Nibberittet
Start 12.juni 2010 kl. 12.45
21 km - 0 til 1500 m.o.h.

Nibberittet er eit turritt med eliteklasse som for 11. gong går frå Geiranger sentrum og opp til Dalsnibba, 1500 m.o.h. Rittet er arrangert i samarbeid med Eidsdal I.L. Mange spektakulære bilde frå arrangementet finn du her.

Startlista Nibberittet og eliteklassa



Løypa
Rittet startar nede ved fjorden ved Fjord1-garasjen i Geiranger sentrum. Etter ca. 4 km jamn stigning (1:12) opp til Flydalsjuvet, flatar løypa ut og ein syklar mellom anna på grusveg gjennom Knuten, ein sving på 270 grader.

Ved Oplenskedal er det jamn stigning til ca 14 km opp til Blåfjellet. Herfrå er det ca. 2 km med tilnærma flatt terreng til Djupvasshytta før ein igjen startar oppstigninga til Dalsnibba. Denne siste strekninga på 5 km er på grusveg og har ei stigning på 1:8. Denne siste biten kallast Nibbevegen. Totalt har løypa 35 180-graders svingar, og ein total høgdeforskjell på litt over 1500 meter.

Det er plassert ut 7 drikkestasjonar langs løypa der vi byr på POWERADE, brus og vatn. Du finn fleire bilde frå rittet i bildearkivet, og i høgremargen finn du lenkjer til løypekart. Sjå også reklamefilm for Nibberittet!

Vi gjer merksame på at Nibbevegen i midten av juni normalt nyleg er gjennombrøyta og opna for trafikk etter vinteren. Avhengig av veret kan vegen derfor vere blaut og tung på syklar med smale dekk og tung utveksling på gira. Vi ber derfor folk vurdere dette sjølv, og vi vil også informere i forkant av arrangementet dersom vi ventar vanskelige forhold for landevegssyklar.

Stenging av Nibbevegen for motorisert trafikk
Nibbevegen vert stengt for motorisert trafikk under løpet slik at utøvarane har vegen og naturen for seg sjølv!

Klasser og premiering
Alle som kjem i mål på Dalsnibba får ein medalje. Du velje blant to klasser:

  • Aldersklasser for menn og kvinner i aldersklasser 17-19 år, 20-29 år, 30-39 år, 40-49 år, osv. tom. 70+. Alle type syklar tillat. Alle fullførande får ein medalje og 1., 2. og 3.plass innan kvar aldersklasse får ein premie (maks. 1/3-dels premiering). I tillegg kjem vandrepremie for den beste tida blant damer og herrer.
  • Eliteklasse både for junior (17 - 18 år) og senior (19+ år) og for damer og menn. Alle type syklar tillat og medalje til alle som fullfører. Her er det pengepremiar og du MÅ ha aktiv lisens frå Norges Cycleforbund. Eliteklassa vil ha separat start kl 12.42. For dei tre raskaste menn og damer i eliteklassa (junior og senior) deler vi ut Sparebanken Møre-prisane på:
    1.premie: 5000,-
    2.premie: 3000,-
    3.premie: 2000,-
    (maks. 1/3-dels premiering). Det er også vandrepremie til vinnaren.
Det delast ut bonus for ny løyperekord på 10 000,- blant alle damer og menn uansett klasse.

Dei som melder seg på innan 4.juni er også med i trekninga av svært attraktive gåvepremiar! Liste over dei som har fått gåvepremiar vil bli hengt opp ved premieutdelinga og premiane må hentast umiddelbart etter løpet.

Resultat frå tidlegare Nibberittet finn du her.

Sykkeltype
Du kan bruke den sykkelen du vil. Det er sjølvsagt påbudt å bruke sykkelhjelm.

Premieutdeling
Premieutdelinga blir kl 17.00 i startområdet.

Påmelding
Påmelding gjerast via internett, sjå startkontingentar under. INGA PÅMELDING VED START! Frist for å endre påmeldinga (t.d. bytte til elite) vil vere 11.juni.

Dersom du ikkje har løyst aktiv lisens, må du løyse ein eingongslisens på 150,-. For påmelding etter 12.mars kostar eingongslisensen 200,- pga. auka startkontingent. Utøvarar i eliteklassa MÅ ha aktiv lisens. Eingongslisens kan du betale ved å legge den til startkontingenten på innbetalingsbeløpet.

Betal kontingenten i god tid før løpet, så sparer du penger OG gjer det enklare for oss!

Informasjon for deltaking - Nibberittet
  • Henting av startnummer: fredag 11.juni kl 18.00. - 20.00 ved Fjordsenteret og laurdag frå 09.00 i startområdet.
  • Start ved Fjord1-garasjen i sentrum kl. 12.45. Eliteklassa har start kl 12.42.
  • Startkontingent: 299,- for betaling tom. 12.mars, 400,- for betaling fram til 4.juni og 600,- fram til internettpåmeldinga stenger den fredag 11.juni kl 16.00. INGEN PÅMELDING VED START!
  • Drikkestasjonar: Totalt sju stader, Sjå kart for detaljar.
  • Transport: Bussar frå Djupvasshytta til sentrum etter innkomst. Også transport av syklar ned att. Trenings/overtrekksklede vert transportert til toppen.
  • Parkering: Geiranger sentrum og Geiranger Camping.
  • Garderobe/dusj: Geiranger Skule, Geiranger Camping og Vinje Camping (dusjautomat - henvend deg i resepsjonen for utdeling av dusjmynt)
  • Sanitet/Førstehjelp: Det vil vere hjelpekorps stasjonert langs løypa og i målområdet.
Spørsmål?
Har du spørsmål? Kontakt Eidsdal I.L. v/Jan Kåre Eide tlf. 951 46 088, eller e-post.

Beste tid:
Menn: Alf Roger Holme på 1.03.39 i 2008. Damer: Hanne Trønnes på 1.18.37 i 2010

Beste tider:
Adelskalender

Sparebanken Møre-prisane i eliteklassa:
1.premie: 5000,-
2.premie: 3000,-
3.premie: 2000,-
I tillegg betaler vi ut 10 000,- for ny løyperekord!

Deltaking:
464 deltakarar i 2010
372 deltakarar i 2009
388 deltakarar i 2008
288 deltakarar i 2007
202 deltakarar i 2006
160 deltakarar i 2005
146 deltakarar i 2004
149 deltakarar i 2003

Tidspunkt:
12.juni 2010
start kl 12.45