Logo Sponsorlogoar


| Halvmaraton | Nibberittet | Miniton | Geirangermarsjen | Siste nytt | Sponsorar | Bilde og video | Resultatservice | Påmelding |

Geirangermarsjen
(0-1500 m.o.h.)

Geirangermarsjen til Dalsnibba blir i år arrangert for 14. gong og går i same traseen som halvmaraton, men med varierande distansar. Arrangør er Geiranger Idrettslag.
  • 21 km - Start ved Fjord1-garasjen i sentrum frå 11.00-11.15. 1500 m stigning.
  • 16 km - Start ved Dalen Gaard frå 11.00-11.30. 1000 m stigning.
  • 5-10 km - Start ved Djupvasshytta 12.00-13.00. 500 m stigning.
Påmelding
Påmelding skjer ved dei ulike starttidspunkta innan dei respektive tidsromma.

Premiering
Premieutdeling skjer ca. 17.00 i sentrum/startområdet. Medalje til alle som fullfører, og desse er også med i trekkinga av hovudpremien. Lister over gåvepremiar vil bli hengt opp i startområdet og desse kan hentast umiddelbart etter løpet. Regelen om påmelding før 15.juni for å delta i denne trekninga gjeld berre for Nibberittet og Halvmaraton.

Løypekart
For løypekart, klikk her og her


Informasjon for deltaking
  • Startkontingent:
    Vaksne 50,- pensjonist/barn u/16 år 30,-. Berre IVV 10,-
  • Transport: buss frå Geiranger kl. 11.00. Retur frå Dalsnibba etter behov.
  • Drikkestasjonar: det vil bli mange drikkestasjonar undervegs og ved innkomst på Dalsnibba blir det høve til å kjøpe mat og drikke.
  • Ytterlegare informasjon på telefon 41 10 31 85 eller e-post.

Vil du ha meir informasjon? Send ein epost til oss på geiranger@frafjordtilfjell.com, eller kontakt oss på telefonnummer 41 10 31 85

Overnatting/service
Presseomtale
Andre aktivitetar
Reisetips
Tilbakemeldingar
Ta kontakt
Webkamera (Bilde: smp.no)
Brosjyre for 2006 (pdf)