![]() |
![]() |
| Halvmaraton | Nibberittet | Miniton | Geirangermarsjen | Siste nytt | Sponsorar | Bilde og video | Resultatservice | Påmelding | |
Nibberittet er eit terrengritt som for 7. gong går frå Geiranger sentrum og opp til Dalsnibba, 1500 m.o.h. Rittet er arrangert i samarbeid med
Eidsdal I.L. ![]() Løypebeskrivelse Rittet startar nede ved fjorden ved Fjord1-garasjen i Geiranger sentrum. Etter ca. 4 km jamn stigning (1:12) opp til Flydalsjuvet, flatar løypa ut og ein syklar mellom anna på grusveg gjennom Knuten, ein sving på 270 grader. Ved Oplenskedal er det jamn stigning til ca 14 km opp til Blåfjellet. Herfrå er det ca. 2 km med tilnærma flatt terreng til Djupvasshytta før ein igjen startar oppstigninga til Dalsnibba. Denne siste strekninga på 5 km er på grusveg og har ei stigning på 1:8. Totalt har løypa 35 180-graders svingar, og ein total høgdeforskjell på 1500 meter. Du finn fleire bilde frå rittet i bildearkivet, og i høgremargen finn du lenkjer til løypekart. Sykkeltype Du kan bruke den sykkelen du vil. Det er påbudt å bruke sykkelhjelm. Klasser Off-road med hjuldiameter tom. 26 tommar: Menn og kvinner i aldersklasser 16-19 år, 20-24 år, 25-29 år, 30-39 år, 40-44 år, 45-49 år, osv. (OBS: endra 15.juni 2006!) Racer-, hybrid-, og alle andre syklar: Menn og dameklasse. Resultat frå siste Nibberittet finn du her. Premiering Premieutdeling skjer ca kl. 17.00 i sentrum/startområdet. Det blir gjeve bonus for ny løyperekord, 5000,- både for kvinner og menn. I racerklassa vil det berre bli utbetalt bonus for ny bestetid for menn, og denne er på 2500,-. Alle som fullfører får ei medalje. 1.,2. og 3. premie i kvar klasse, og maksimal 1/3-dels premiering innan kvar klasse. For racersykkel 1., 2. og 3. premie i dame og herreklassa, og maksimal 1/3-dels premiering. Trekking av stor hovedpremie blant deltakarane i begge arrangementa, og dei som melder seg på seinast 15.juni blir også med i trekninga av flotte gåvepremiar. Liste over dei som har fått gåvepremiar vil bli hengt opp i startområdet og premiane kan hentast umiddelbart etter løpet. Påmelding Påmelding kan gjerast via internett eller via påmeldingskupong. Fram t.o.m. 9.juni er denne på 200,-, deretter kostar det 300,- Melder du deg på innan 15.juni, blir du også med i trekninga av flotte gåvepremiar. Frist for å endre påmeldinga (t.d. bytte til racer) vil vere 15.juni. Dersom du ikkje har løyst terrengrittlisens, må du løyse ein eingongslisens på 125,-. Brukar du internett og oppgjev e-postadresse, vil du få ei stadfesting pr. e-post når vi har motteke påmeldinga di. Du vil også få ei stadfesting når du endeleg er påmeldt, dvs. når vi har registrert startkontingenten på konto.
Informasjon for deltaking - Nibberittet
Spørsmål? Har du spørsmål? Kontakt Eidsdal I.L. v/Jan Kåre Eide tlf. 70 25 70 67 mob. 951 46 088, eller e-post. ![]() |
![]()
Vil du ha meir informasjon?
Send ein epost til oss på geiranger@frafjordtilfjell.com,
eller kontakt oss på telefonnummer 41 10 31 85
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]()
Beste tid:
Alf-Roger Holme på 1.07.01 i 2006 Frid Harstad på 1.29.02 i 2006. Bestetid i racerklassa: Lars Kristian Johnsen på 1.06.43 i 2006 og Hanne Trønnes på 1.34.34 i 2006. Deltaking: 202 deltakarar i 2006 160 deltakarar i 2005 146 deltakarar i 2004 149 deltakarar i 2003 Tidspunkt: 17.juni 2006 start kl 13.00 |