Logo Sponsorlogoar


| Halvmaraton | Nibberittet | Miniton | Geirangermarsjen | Siste nytt | Sponsorar | Bilde og video | Resultatservice | Påmelding |

Geiranger Halvmaraton
(0-1500 m.o.h.)

For 13. gongen inviterer Geiranger Idrettslag til denne styrkeprøva som kanskje er verdas hardaste halvmaraton.


Løypebeskrivelse
Sjølve løypa startar ved Geirangerfjorden, 0 m.o.h. i full sommar og endar blant 5-6 meter høge brøytekantar på Dalsnibba, 1500 meter over havet. Stigningane varierer frå 1:12 i byrjinga til 1:8 dei siste kilometerane. Dei fyrste 16 km er asfalt, medan dei siste 5 km er grusveg.

Men det er ikkje berre motbakkar, faktisk er det heile tre slakke unnabakkar på ca. 250 meter kvar.

Dei første 16 km er identiske med den vegstrekninga som på verdsutstillinga i Paris i 1890 vann gullmedalje for framifrå ingeniørkunst.

Premiering
Premieutdeling skjer ca kl. 17.00 i sentrum/startområdet. Det blir gjeve bonus for ny løyperekord, 5000,- i båe klasser. Alle som fullfører får ei medalje. 1.,2. og 3. premie i kvar klasse, og maksimal 1/3 premiering innan kvar klasse. Vandrepremie etter den beste justerte tida i herre og kvinneklassa.

Trekking av stor hovedpremie for alle som deltek, og dei som melder seg på seinast 15.juni blir også med i trekninga av flotte gåvepremiar.

Liste over dei som har fått gåvepremiar vil bli hengt opp i startområdet og premiane kan hentast umiddelbart etter løpet.

Påmelding
Påmelding kan gjerast via internett eller via påmeldingskupong. Fram t.o.m. 9.juni er denne på 200,-, deretter kostar det 300,- Brukar du internett og oppgjev e-postadresse, vil du få ei stadfesting pr. e-post når vi har motteke påmeldinga di. Du vil også få ei stadfesting når du endeleg er påmeldt, dvs. når vi har motteke startkontingenten på konto.

Informasjon for deltaking - Halvmaraton
  • Påmelding via Internett eller påmeldingskupong til
      Geiranger Halvmaraton
      v/ Reidar Baade
      6216 Geiranger
  • Kontonummer, Sparebanken Møre: 4030.07.13892
  • Melder du deg på innan 15.juni blir du med i trekninga av fine gåvepremiar.
  • Henting av startnummer: fredag 16.juni kl 19.00. - 21.00 og laurdag frå 09.30
  • Start ved Mørebilgarasjen i sentrum kl. 12.30
  • Startkontingent: 200,- fram tom. 9.juni, 300,- etter denne dato.
  • Transport: Bussar frå Dalsnibba til sentrum etter innkomst. Også transport av syklar ned att. Trenings/overtrekksklede vert transportert til toppen.
  • Garderobe/dusj: Geiranger Skule.
  • Sanitet/Førstehjelp: Det vil vere hjelpekorps stasjonert langs løypa og i målområdet.
  • Ytterlegare informasjon på telefon 41 10 31 85 eller e-post.

Vil du ha meir informasjon? Send ein epost til oss på geiranger@frafjordtilfjell.com, eller kontakt oss på telefonnummer 41 10 31 85

Overnatting/service
Presseomtale
Andre aktivitetar
Reisetips
Tilbakemeldingar
Ta kontakt
Webkamera (Bilde: smp.no)
Brosjyre for 2006 (pdf)



Løyperekord herrer: Hans Martin Gjedrem 1.30.10 sett i 2003

Løyperekord damer: Anita Håkenstad 1.46.19 sett i 2006

Deltaking:
85 deltakarar i 2006 74 deltakarar i 2005 95 deltakarar i 2004

Tidspunkt:
17.juni 2006
start kl 12.30