![]() | ![]() |
|
|
Nibbeløpet
21 km - 0 til 1500 m.o.h.
For 29. gongen inviterer Geiranger IL og Eidsdal IL den 11.juni 2022 til denne
styrkeprøva som både er eit knalltøft halvmaratonløp og eitt av motbakkeløpa i Norge med største høgdeforskjell.
Klikk her for å sjå spektakulære bilde frå arrangementet! Løypa startar ved Geirangerfjorden og går knallharde 21 km med nesten kun oppoverbakke. Heile løypa er på asfalt, bortsett frå ca 300 m grus etter 5 km. Dette er ei skikkelig styrkeprøve og vi garanterer ei kjempeflott oppstigning! Les meir om og sjå fantastiske bilde av løypa her! Klikk her for oversiktskart og her for detaljert løypekart. Bilde frå løpet finn du i bildearkivet. Resultat frå tidlegare Nibbeløpet/Geiranger Halvmaraton finn du her. Startlista Nibbeløpet Sjølv om vi prøvar å redusere trafikken langs løypa, er det uansett vegtrafikklova som gjeld. Vis hensyn og ver observant i trafikken, det er ingen vits å risikere liv og lemmer. Klasseinndeling Aldersklasser med tidtaking: 17-18 år, 19-22 år, 23-39 år, 40-44 år, 45-49 år, osv. for menn og kvinner. NB:
Vi ønskjer at alle som trur dei brukar meir enn 3 timar og 45 minutt stiller i trimklassa (Nibbemarsjen). Transport Etter målgang på Dalsnibba vil det stå bussar som fraktar deltakarane i Nibbeløpet tilbake ned att til startområdet. Bussane går når dei er fulle. Premiering Alle fullførande får ein medalje. Vi premierer i tillegg dei 1., 2. og 3. beste tidene innan kvar aldersklasse (maks. 1/3-dels premiering). I tillegg kjem vandrepremie for den beste tida blant damer og herrer. På vegne av Sparebanken Møre deler vi ut pengepremiar for dei tre raskaste damer og menn: 1.premie: 5000,- 2.premie: 3000,- 3.premie: 2000,- (maks. 1/3-dels premiering). Det delast ut bonus for ny løyperekord på 10 000,- blant alle damer og menn. Premieutdelinga blir kl 16.30 i startområdet. Alle deltakarar er med i trekninga av svært attraktive gåvepremiar! Vinnarane av desse vert kåra under premieutdelinga og premien må også hentast der. NB: ingen ettersending av premiar! Langing av drikke Dei som kjempar om sigeren i si klasse kan kun motta drikke/mat på dei organiserte drikkestasjonane. Påmelding Påmelding gjerast via internett. Informasjon om kontingentar og lisens finn du her. Få også med deg forskjellig praktisk informasjon Ytterlegare informasjon på telefon 41 78 00 70 eller e-post.
|
![]() Løypa startar ved Geirangerfjorden og går til toppen av Dalsnibba 1500 moh.
![]() Nibbeløpet er rangert som eit kvalitetsløp av Kondis ![]() Etter ca 4 km er dei fleste fortsatt friske og raske, men det blei tyngre etterkvart
![]() Ved Knuten var Svein Inge Buhaug like framfor Øyvind Heiberg Sundby, med Hans Martin Gjedrem få sekund bak.
![]() Syklistar og løparar rekk å bli skikkelig stive i den siste unnabakken, 300 meter før mål. Her er det frå venstre Ingvar Gudrit og Håkon Svoen som som for første gong ser målgang.
|
||||||||||||||||||
|