Heile 459 deltakarar var med i maraton, ritt, og marsj i Geiranger laurdag 15.juni. Dette er 101 fleire enn i fjor. Dårleg
ver på toppen la nok ein dempar på opplegget, men innsatsen var det ikkje noko å seie på. I Nibberittet vart det sett ny rekord.
Av Hilde Lillevold Håberg, Sunnmøringen 19.juni 2002

Det spesielle arrangementet i Geiranger samlar stadig fleire deltakarar. I år var 141 syklistar med i Nibberittet og 125 løparar i Geiranger
Halvmaraton. I tillegg stilte 51 personar til start i Flydalsjuvet Miniton og 142 personar gjekk Geirangermarsjen.
Starten går ved ferjekaia 0 meter over havet, og målområdet er på Dalsnibba 1500 meter over havet. Dei som er med i rittet eller
maraton har 21 kilometer framfor seg når startskotet går.
Ny rekord
Først i mål var Stian Nørve frå Ålesund og omegn sykkelklubb. Han brukte ein time, 11 minutt og 40 sekund på vegen mellom Geiranger og Dalsnibba.
Kåre Christoffersen frå Kristiansand kom eit lite munutt etter, og begge hadde betre tid enn rekorden frå i fjor. Nørve stilte i klassa
for herrer 19-22 år, medan sørlendingen var i klassa for herrer 55-59 år. Begge teltok for første gong.
Gjedrem først
I Geiranger halvmaraton var det Hans Martin Gjedrem frå Valldal som gjorde det best. Han kom i mål på tida 1.34.14, og var fleire minutt
føre dei neste. Ann Eli Tafjord som også er frå Valldal, kom først av jentene. Ho brukte to timar og 18 sekund på strekninga. Nedover på
listene går det tett, og rundt 30 av deltakarane kom i mål på under to timar. Dei som kom sist i mål, brukte nærare 4 timar på strekninga.
Hjelp i avviklinga
Vi finn ikkje så mange lokale deltakarar på resultatlistene, men det har sine grunnar. Arrangementet i Geiranger har med åra vakse seg så
stort at arrangøren har blitt tvungen til å gå over fjellet etter hjelp. Eidsdal idrettslag er derfor sterkt inne saman med vertsfolket
i Geiranger idrettslag. Mellom 60 og 70 personar har vore i sving for å avvikle maraton, marsj og sykkelritt.
Dei som hadde base i bygda
kunne stille i shorts og t-skjorte. På toppen av Dalsnibba var det under fem grader, sterk vind og regn. Sjølv med varme vindjakker og luer
var det vanskelig å halde varmen. Dei fleste som deltok i konkurransen oppheldt seg derfor ikkje lenge på toppen. Nokre tok buss ned igjen
til bygda, men dei fleste syklistane brukte to hjul på returen også.
- Halve moroa er turen ned igjen alle bakkane. Det er det som er hovudpremien når vi har gjennomført turen opp, sa fleire av dei vi snakka med.