I snø og skodde kjempa dei seg oppover til toppen av Dalsnibba, dei 105 deltakarane
i Geiranger Halvmaraton 2003.
Hans Martin Gjedrem sette ny løyperekord på 1.30.10 då han vann for andre året på rad.
I kvinneklassa kom Ann Eli Tafjord inn på tida 1.52.14, og hamna berre dryge to minutt
bak rekorden til Bente Skari frå 1998.
Gjedrem la opp til eit jamt raskt tempo frå start, og seig sakte frå nestemann
allereie etter 2 kilometer. Ingen trua han under løpet og han var over tre minutt
framfor nestemann i mål.
- Det gjekk greitt i dag. Faktisk var det fint å springe. Det viktigaste er at det
ikkje var vind, nedbøren legg vi knapt merke til. Tøft er det alltid, men forma er
tydelegvis god, sa Gjedrem etter målpassering.
Frå start nede ved fjorden, går løypa i skarpe svingar og bratte klyv opp til
toppen av Dalsnibba, 1500 meter over havet. Dei øvre delane var i år dekt med grauttjukk
skodde, og med sludd i lufta på surklande våt grusveg, var det nok ekstra hardt for mange i år.
Geiranger Halvmaraton hadde i år 10-års jubileum, og elleve deltakarar fekk gullmedalje
for å har vore med alle åra. Blant desse Ragnar Seljeset. Etter å ha vorte ramma av ei
hjernebløding i fjor vår, klarte han ikkje å gå, men at han framleis ville delta i Geiranger
Halvmaraton, var han aldri i tvil om. Etter lang rehabilitering og knallhard viljestyrke,
fullførte han sommarens løp svært sliten på knappe seks timar.
I tillegg til springing, var det også 150 som deltok i Nibberittet på sykkel og 110
som gjekk Geirangermarsjen opp på den 1500 meter høge fjelltoppen. På sykkel vart det
òg ny bestetid, sett av Stian Nørve på 1.11.24.
- Huff, dette var tøffare enn i fjor, Særleg dei siste kilometerane på våt grusveg
var blytunge, sa Nørve etter å ha forbetra sin eigen løperekord med 16 sekund.
Etter å ha retta på nokre småting frå i fjor, seier sjef for arrangementet,
Terje Rusten, seg godt fornøgd med avviklinga av arrangementa:
- Totalt 424 deltakande på arrangementa er noko lavare enn i fjor. Det må det
dårlege vêret ta litt av skulda for, mellom anna vart det ein del programheltar.
Det gledelege er at vi har auke på sykkel. Alt i alt er vi godt fornøgde med helga,
sa ein sliten Terje Rusten etter at premiane var delte ut.