Om løpararne låg rett ut eller vakla
på dei fyrste stega etter målpassering, var dei alle fall
einige i ein ting: dette skal dei vere med på neste år også.
Har en fyrst fått det i blodet, blir Geiranger halvmaraton
sommaren fysiske høgdepunkt for mange.
Av Nils-Jarle Sætre
Utsikta frå toppen av Dalsnibba må vere noko av det
vakraste ein kan tenke seg, men mange meinte at synet
av bussane som sto klare for å transportere såre bein
og kroppar, var vel så vakkert denne dagen... Men ikkje
alle nytta seg av den kjærkomne mekaniske transporten.
I fint og frisk driv ned vegen sprang ein kropp som
ikkje såg ut til å ha gjennomført Noregs hardaste
halvmaraton.
- Eg gadd ikkje å vente på skyss, sa eidsdalingen Jon
Kåre Løvoll.
- Du kan få sitje på ned med meg, tilbaud Sunnmøringen.
- Nei takk, Djupvasshytta er så nær no at eg like godt kan
springe resten også, svarte Løvoll. Nær.. .ja, for desse
karane gjer vel ikkje eit par kilometer noko frå eller til.
Løvoll var uheldig og punkterte halvvegs. Då var det berre
å ta beina fatt og springe resten, for i mål skulle han.
- Ei punktering kunne ikkje stoppe ferda mot toppen.
Eg må innrømme at tohjulingen er å føretrekkje framfor beina,
sa Løvoll.
Nokre få sekunds glede
Men sjølv dei på sykkel var saktens einige i at dette var
vel tøft. Dei få meterane nedoverbakke gleda ein sliten kropp
på sykkel.
- Å kor skjønt, endeleg ein nedoverbakke.
300 meter seinare var nok ikkje smilet like stort ettersom
fem knallharde kilometer mot toppen venta bein og legger som
sikkert kunne ha tenkt seg meir nedoverbakke og kvile. Men
det var ikkje herre mosjonistane som fekk føle stigningane
på kroppen. Toppsyklist Cato Slinning frå Ålesund og Omegn
Cykleldubb fullførte i imponerande stil og klatra opp fjellet
som ei fjellgeit. Likevel var han skikkeleg kjørt etter løpet.
- Dette var mykje tøffare enn venta. Eg har vore med på
klatreetapper i Pyreneene, men har aldri sykla eit ritt
der ein har så stor høgdeskilnad mellom start og mål. Eg
er glad for at eg var åleine opp fjellet, for hadde eg
hatt konkurranse, hadde dette nok blitt det tøffaste rittet
eg nokon gong har kjørt, seier rittets vinnar Slinning.
Kamp til siste slutt
Vandretønna som Terje Hole frå Åndalsnes kunne ta til
odel og eige var sendt til topps i tilfelle han skulle vinne
i år også. Han fekk kamp heilt til døra, men veteranen
trakk det lengste strået framfor den unge valldalingen Hans
Martin Gjedrem som ikkje gav opp før 500 meter sto att.
- Det er herre artig å få litt kjør. Eg fekk ti meter i
fyrste sving opp Nibbevegen, og det var irriterande at eg
ikkje fekk større avstand. Eg var nervøs for at han skulle
klare å kome tilbake, men det heldt heldigvis heilt inn.
Neste år tar du meg nok, seier Hole.
- Eg prøvde å rykke og auke farta etter vel 20 kilometer,
men det er var ikkje meir krut att i beina. Eg hadde rett
og slett ikkje ein sjanse, seier Gjedrem. Gjedrem kunne også
gle seg over at kjærasten Jori Mørkve vann kvinneklassa.
Neste år kan paret vinne kvar si klasse dersom Hole får
rett i sin spådom.
Dårleg odds
Snø og kulde heldt på å sette ein stoppar for at dei
93 løparane og 51 syklistane skulle kome heilt til topps
i år. Andre derimot var veldig glade for nysnøen, og både
langrennsski og snøbrett vart flittig brukt.
Vegen vart fyrst opna laurdag morgon og primus motor Per
Ivar Gjørvad var fredag sikker på at vêrgudane skulle tvinge
arrangøren til ei alternativ løype.
- Eg ville ikkje ha satsa ei krone fredag på at vi kunne
få løparar og syklistar til topps, men veret og temperaturen
herre heilt fantastisk. Neste år skal Nibberittet
marknadsførast på linje med halvmaraton, og Gjørvad håper
at ein då får 150 syklistar på startstreken.