Dei tok seg fram gående, springande eller på sykkel. Men felles
for samtlege 250 var ein sterk vilje. Utan det er det heller ikkje
tilrådeleg å prøve på dei 1500 høgdemeterane frå Geiranger sentrum
til toppen av Dalsnibba. Cato Slinning (sykkel) og Terje Hole tok
seg raskast til toppen.
Av Atle Hole
Dermed vart vandrepremien i herre-klassa, oppsett i 1997, svært kortliva.
Åndalsnesingen Terje Hole, med solide røter nettopp frå Geiranger,
vann på laurdag slik han gjorde det i 1999 og 1997. Med siger også i
1996 har 39-åringen, som tidlegare er norsk meister i maraton, vunne
i alt fire av sju løp i Geiranger halvmaraton.
Laurdag kunne instruktøren
frå Setnesmoen, som no representerer Åndalsnes idrettsforening, sette Olav
Slettebak sitt fantastisk fine handverk (eit ølanker) i premiehylla
for godt.
Det er han truleg glad for, ettersom unge Hans Martin Gjedrem har
utvikla seg til å bli ein lei konkurrent. I fjor var avstanden mellom
dei to over elleve minutt, i år 25 sekund. Like etter målpassering,
1.33.59 for Hole sin del, utveksla dei to erfaringar:
- Du sprakk ikkje i år!
- Nei, ifjor kunne eg nesten ikkje stå på beina etter målpassering.
Eg lærte mykje av det løpet. Denne gongen prøvde eg halde eit
jamnare tempo, men etter sju kilometer hadde eg problem med å halde
deg. Heldigvis kvikna eg til igjen.
- Eg frykta ein spurtduell.
- Ja, det var irriterande at eg ikkje skulle greie å tette siste
luka. Eg prøvde så godt eg kunne, men 500 meter før mål innsåg
eg slaget var tapt.
- Neste år slår du meg, sa vinnar Hole oppmuntrande til unge
Gjedrem, og det skulle ikkje forbause oss om så skjer. Denne
gongen trur vi faktisk Hole var lengst ned i «kjellaren» etter
krefter mot slutten av løpet. Men det betalte seg.
Spreke honndøler
I halvmaraton var det «mykje sjø» mel-lom dei beste. Frå duoen
Hole/Gjedrem var i mål gjekk det ti minutt før Roger Lillestøl
(tre også ifjor) og Ola Ulset kom. Så gjekk det nye fem minutt før
Tom Gretland kom inn til femteplass. Om ikkje Hans Martin Gjedrem
fekk beste tid mellom herrane, kunne han glede seg over at kjærasten
Jori Mørkve med 2.21.11 var best av dei fire kvinnene, vel sju
minutt betre enn Coby Ytredal.
I alt deltok 93 løparar i halvmaraton, ti mindre enn i fjor,
men likevel eit bra tal med tanke på kollisjon med Jonsokmila.
Hornindal var einaste klubb med tosifra del-takartal. Ein av desse
var Ragnar Seljeset. Han har vore på plass kvart år i Geiranger,
men i år var det berre så vidt. Men gipsen kom av i tide, og
Seljeset kneip ein fin femteplass på 2.17.44 i klasse 35-39 år.
Skiverdsmeister Arild Monsen frå Molde har vore ein av pådrivarane
for at også syklistane skulle få sleppe til i Geiranger.
I år gjekk
debuten, og det vart ein ubetinga suksess. Ikkje uventa vann Cato
Slinning frå Alesund og Omegn Cykleklubb, med tida 1.13.16. Slinning
gjekk tidleg frå dei øvrige, og var aldri direkte trua, sjølv om
Sveinung Talberg frå Vågstranda tok innpå mot slutten.
Landslagstrenar i off-road, Ole Kristian Silseth frå Molde vart
nummer tre, Arild Monsen nummer fem.
Ingun Løitegård, IL Noringen, vart best av tre damer på svært
respektable 1.45.08, med Else Ragni Ytredal frå Norddal på andreplass.
Prest med tæl
Nibberittet var nok tyngre enn mange hadde tenkt seg. 51 deltakarar
deltok men berre 12 av desse sykla raskare enn løpsvinnar Hole sprang.
Særleg slutten var tøff på dei våte grusvegane.
- Dagen før rittet var det ingen ting som tyda på at det skulle
vere mogleg å sykle heilt opp på Dalsnibba. Snøen lava ned, og den
alternative løypa var klar. Heldigvis fekk vi veromslag, og vegen
opp vart opna klokka ti rittdagen, fortel Per Ivar Gjørvad,
og vert supplert av den andre primus motoren i arrangementet,
Terje Rusten.
- Men vi hadde nesten rekna med godt vêr ettersom soknepresten
frå Stranda, Hans Jørgen Morvik, og ein misjonær med seks års
teneste frå Etiopia (Steinar Myklebust) var blant deltakarane.
- Det gjekk greitt. Fin tur. Ingen problem verken med mann eller
ein nær sagt uforskamma sprek Morvik i det han fekk medaljen hengt
rundt hovudet like etter målgang.
Hardhausar
Miniton løpet frå sentrum til Flydalsjuvet samla 27 deltakarar.
Nibbemarsjen 83. Familien Sunde frå Haddal i Ulstein, sprang først
miniton-løpet før dei heldt fram heilt til toppen av Dalsnibba.
Tøft gjort, særleg av yngstejenta Elisabeth, som berre var ni år.
Og elles var dei i Geiranger dei vanlege hardhausane over 60 år,
som Palmar Muren, Oddvar Rønneberg, Svein Ertesvåg, Karstein Sørland
og Ola Goksøyr.
Vi stiller oss tvilande til om oppstiginga med nummer på brystet
gir den heilt store naturopplevinga, men nedturen derimot; den
burde gje rom for ettertanke etterkvart Som det mektige skaparverket
kjem til syne nedover mot fjorden og dalbotnen. Fyrst på nedturen
trur vi deltakarane fattar at nettopp denne dagen i livet sitt
har dei gjort ein prestasjon langt utover det vanlege. Og det
gjeld for samtlege, anten tida vart 1.57.44 eller 3.03.49
Vel blåst til arrangørane i idrettslaga i Geiranger og Eidsdal
for ei ny vellukka helg. Ved neste korsveg kan deltakartalet
bli endå større, i alle høve sykkeldelen har eit klart
vekstpotensial.