LogoSponsorlogoar

Nibbemarsjen21 og Nibbemarsjen5
21 eller 5 km - målgang 1500 m.o.h.
Start 8.juni kl. 10.00-10.15 (21 km) og 12.00-12.30 (5 km)

Nibbemarsjen blir i år arrangert for 22. gong. Den går i same trassé som Nibberittet21/Nibbeløpet21 og Nibberittet5/Nibbeløpet5. Arrangør er Geiranger Idrettslag.

To startalternativ, der du i alle tilfeller må hente startnummeret i Geiranger sentrum:
  • Nibbemarsjen21 Start ved Fjord1-garasjen i Geiranger sentrum kl 10.00-10.15. Distansen er 21 km og det er ca 1500 m stigning.
  • Nibbemarsjen5 Start ved Djupvasshytta kl 12.00-12.30. Distansen er 5 km eller 10 km (ved stempling også tilbake på Djupvasshytta). Stigninga er ca 440 meter.

Påmelding
Vi ser gjerne at du melder deg på via nettsida, men du kan også melde deg på og betale ved start. Sjå startlista for Nibbemarsjen21 og Nibbemarsjen5.

Premiering
Medalje til alle som fullfører, og alle er også med i trekkinga av flotte gåvepremiar. Lister over gåvepremiar vil bli hengt opp og desse kan hentast umiddelbart etter løpet. Premieutdeling skjer ca. 17.00 i Geiranger sentrum.

Startkontingenten for dei som har fylt 16 år er 200,- for Nibbemarsjen21 og 100,- for Nibbemarsjen5. For dei under 16 år; 50,-.

Det vert sett opp busstransport til start ved Djupvasshytta. Retur av deltakarane frå Djupvasshytta etter målpassering.

Sjå elles praktisk informasjon.

For løypekart og startplasseringar, klikk her.

Ytterlegare informasjon på telefon 41 78 00 70 eller e-post.

Tidspunkt:
Start kl. 10.00-10.15 frå sentrum eller 12.00-12.30 frå Djupvasshytta.
Deltakarar:
124 deltakarar i 2012
98 deltakarar i 2011
131 deltakarar i 2010
ca 100 deltakarar i 2009
146 deltakarar i 2008
103 deltakarar i 2007
87 deltakarar i 2006
Nibbemarsjen21 startar ved Geirangerfjorden og går til toppen av Dalsnibba 1500 moh.

Nibbemarsjen5 startar ved Djupvasshytta og går opp baksida av Dalsnibba til toppen på 1500 moh.


Deltakarar frå hovudsponsor Devold i Geirangermarsjen.


Regnet/snøen såg ikkje ut til å verke inn på humøret!

Andre sponsorar: