LogoSponsorlogoar

Nibbevegen

Den 5 km lange vegen frå Djupvasshytta til fjelltoppen Dalsnibba har 11 hårnålsvingar og vart ferdigstilt i 1939. Den kom som resultat av ein stor auke i turisttrafikken fram mot 2. verdenskrig. Det var eit lokalt eigd selskap, Geiranger Skysslag AS, som stod bak satsinga. Faktisk vart vegen opp til dette utsiktspunktet over Geiranger bygd heile 17 år før bygda fekk heilårsveg. Nibbevegen vert regna som eitt av dei fremste symbola på turisttrafikken i Geiranger.

Frå platået på toppen har ein kanskje verdas høgaste fjordutsikt tilgjengelig med bil. Dette gjer at Dalsnibba årleg er besøkt av nærare 200 000 personar. Ein soloppgang eller solnedgang sett fra toppen er ei naturoppleving ein aldri gløymer. Likeså er den spektakulære stjernehimmelen ei mørk augustnatt vel verdt turen opp!

I 2005 stod eit nytt servicebygg klart på toppen, her finn ein souvenirbutikk og toaletter, samt mogelegheit til å kjøpe ein kopp kaffi eller lignande. Servicebygget har ein spesiell arkitektur som speglar høgfjellsområdet rundt.

Vegen til toppen er åpen kvart år frå slutten av mai til slutten av september. Prisen for å køyre opp i 2011 er som følgjer: BIL/MC: NOK 100,- Buss: NOK 990,- Bomvegen har automatisk bomsystem der ein kan betale med kredittkort eller mynt. I tillegg er stasjonen betjent dei mest hektiske periodane.

Velkomen til Dalsnibba gjennom heile sommaren!


Djupvasshytta ein sommardag på 1930-talet. Då som no fraktar Geiranger Skysslag cruisebåtpassasjerar til Djupvasshytta og frå 1939 også til Dalsnibba.

Nibbevegen frå Djupvasshytta.


Klikk for å kart frå google. Bruk scrollehjulet for å zoome ut og inn. Høgdekoter er innteikna.

Her er brøytekanten som høgast, opp mot 10 meter? Her er ein straks i mål berre nokre hundre meter att
Andre sponsorar: