![]() | ![]() |
|
|
Praktisk informasjon
Her finn du kortfatta informasjon om starttider, parkering og anna praktisk.
Tidsplan for arrangementet finn du nederst på denne sida.
Dersom du vil ha tørre klede, etc. når du kjem i mål på Dalsnibba, kan du legge ein sekk med dette i bussar som går frå startområdet ca 15 minutt før start. Pakk kleda i vasstette plastikkposar i tilfelle nedbør! Dette gjeld også om du startar ein time før. Hugs å merke bagen/ryggsekken godt med namn og startnummer! Publikumsbuss til Dalsnibba Vil tilbyr også publikum busskyss frå startområdet til Dalsnibba. Denne vil koste kr 100,- og avgang er kl 11.00. Stenging av vegen i sentrum ved start Nokre minutt før starten av både Nibbeløpet kl. 11.15 og Nibberittet kl 12.00 vil nedadgåande biltrafikk verte stogga på ulike stader heilt opp mot Oplendskedal ca 7 km ut i løypa. Vegen vert opna for trafikk etter at flesteparten av utøvarane har passert. Biltrafikk oppover som oppstår bak bakerste løpar vil ikkje bli sluppe forbi utøvarane før etter ca 7 km, dvs. etter Knuten. Drikkestasjonar På dei 7 drikkestasjonane langs løypa finst det vatn, saft og energidrikk. På dei 4 siste (frå Heiane) finst det i tillegg cola og banan. Etter målgang på Dalsnibba kan du forsyne deg med meir drikke, nøtter og banan. Vel bekomme til alle deltakarar! Stenging av Nibbevegen for motorisert trafikk Nibbevegen (den 5 km lange vegen frå Djupvasshytta til Dalsnibba) vert stengt for motorisert trafikk kl 11.30 - ca kl 14.30. Unntak vil gjelde for bilar tilknytta arrangøren. Alle som ønskjer å vere publikum langs Nibbevegen oppfordrast til å delta i Nibbemarsjen med start frå Djupvasshytta! Følgjebilar Følgjebilar er ikkje tillatt! Dette har tidlegare skapt farlege og uoversiktlege situasjonar og utgjer ein sikkerheitsrisiko for utøvarane. Geirangervegen er smal og svingete og det er ofte trongt der bussar og større køyrety møtest, spesielt mellom brøytekantane. Vi er alle interessert i eit best mogleg arrangement for deltakarane. Dersom du vil heie på "din" utøvar, oppmodar vi deg til å parkere langs løypa før start og la bilen stå der til alle utøvarane har passert. VIS OMSYN! Transport etter målgang Utøvarane i Nibbeløpet, Ultraløpet og Nibbemarsjen vert transportert frå Dalsnibba og tilbake til sentrum. Dette gjeld for deltakarane i Nibberittet så lenge sykkelkapasiteten på bussane rekk. Premieutdeling Kl. 16.30 startar premieutdelinga ved kaia rett ved startområdet.
Tidsskjema
Fredag 4.juni:
|
|||||||||||||||
|