LogoSponsorlogoar

Siste nytt frå arrangøren Vis alle nyheiter RSS

Lykke til i morgon!
( 8.juni 2018)
Vi ønskjer både deltakarar og frivillige lykke til i morgon! Alt går enklare når veret er bra, og det blir det i morgon :-)



Vermelding for laurdag
( 5.juni 2018)
Om du avventar vermeldinga før du melder deg på, er det no ingen grunn til å vente lenger. Det er meldt sol, varmt og lite vind i følgje både yr og storm!




Køyr forsiktig ned att etter målgang!
( 5.juni 2018)
Vi opplever kvart år at enkelte risikerer liv og lemmer ved å køyre forbi arrangementsbussar i 180-graderssvingane på veg ned att etter målgang. Dette er forbunde med stor risiko og våre frivillige sjåførar køyrer med hjertet i halsen kvart år.

I 2018 innfører vi derfor KRAV at du MÅ flytte startnummeret ditt godt synlig bak på sekk/rygg når du køyrer ned att. Dette vil bli kontrollert. Samtidig vil bussane blinke ut og sleppe forbi trafikk ved oversiktlige parti. Uvettig sykling fører til diskvalifikasjon!


Årets t-skjorte
( 4.juni 2018)
Devold er vår hovudsponsor og vi har fått laga Devold t-skjorter med vårt eige motiv på som vi skal selge under årets arrangement. Prisen blir kr 300 400,- pr stk. Du kan også støtte vår samarbeidpartnar Aktiv Mot Kreft med eit lite beløp når du kjøper deg ei t-skjorte. T-skjortene blir å få kjøpt i sekretariatet fredag frå kl 18 - 20, og laurdag frå kl 9. Desse t-skjortene blir det garantert rift om og opplaget er begrensa. Vi har også nokre få av dei gamle t-kjortene som vi vil selge for kr 100,-. Her er det begrensa utval i størrelsar.

Bruk for litt ekstra energi?
( 4.juni 2018)
Ein av våre sponsorar er Orkla. Dei vil i år sponse alle deltakarar med ein New Energy-bar slik at ein kanskje kan få litt ekstra energi i motbakkane opp mot Dalsnibba! Denne baren kan du få når du hentar startnummeret.

Mellomtid på Blåfjell
( 4.juni 2018)
Grunna problem med dårleg GSM-signal i fjor kjem vi i år truleg til å flytte mellomtidstasjonen på Blåfjell eit lite stykke nedover vegen i retning Geiranger. Dette til orientering for dei som likar å samanlikne passeringstidene frå år til år. Nøyaktig plassering blir bestemt fredag ettermiddag.

Minimum vekt på sykkel i Nibberittet
(23.mai 2018)
Vi minner om at iht. NCF sitt reglement skal standard landeveissykkel (evt. terrengsykkel) brukast. Dette betyr av sykkelen må ha ei vekt på minst 6,8 kg inkludert pedalar (Utstyrsreglementet, punkt 1.3.019). Vi vil foreta stikkprøver for å sikre at vektgrensa blir overholdt.

I Nibberittet trim er det fritt sykkelvalg, også el-sykkel er tillatt.


Vegen open heilt til Dalsnibba!
(16.mai 2018)
14.mai opna vegen opp til Dalsnibba for trafikk, så no er heile løypa opna! Fritt fram for å tjuvtrene i løypa før den 9.juni! Bildet er frå brytinga av topplatået i 2017 og er tatt av Katrin Schirmer.




Vegen opna til Djupvasshytta og Langvatn
(13.mai 2018)
Vegen Geiranger-Langvatn opna for nokre dagar sidan og det er ikkje lenge til vegen opp til Dalsnibba er open. Det er no under ein månad att til start, så meld deg på i dag!


Foto: Willy Fredheim


Samarbeid med Aktiv mot kreft
(10.april 2018)
Vi har i år eit samarbeid med Aktiv mot kreft. Det er ein privat stiftelse starta av Grete Waitz og Helle Aanesen som arbeider for å få fysisk aktivitet inn som ein del av kreftbehandlinga.

Aktiv mot kreft etablerer treningssentre på kreftsjukehus i Norge (Pusterom). Dei arbeider no med å etablere utandørs aktivitetstasjonar ved pusterommet ved Ålesund sjukehus og du kan vere med å støtte dette arbeidet ved å gje eit beløp ved påmelding eller ved kjøp av t-skjorta arrangementsdagen.

Les meir her.


Meld deg på før 9.mars
( 5.mars 2018)
9.mars går kontingenten opp for Devold Nibberittet og Devold Nibbeløpet. Meld deg derfor på i dag!

Påmeldinga for 2018 er opna
(22.november 2017)
I dag har vi opna opp for påmelding til 2018-arrangementet!

Datoen er laurdag 9.juni. Som tidlegare så har vi rimeligare påmelding dersom du melder deg på før 9.mars 2018.

Basert på tilbakemeldingar har vi bestemt oss for å flytte premieutdelinga for Nibbeløpet Mini og Nibberittet Mini til kl 13.00 ved start. Den øvrige premieutdelinga er kl 16.00 i startområdet.


Hittegods
(11.juni 2017)
Det låg att ei jakke og eit par briller i sekretariatet etter arrangementet. Ta kontakt med oss dersom du trur det kan vere ditt.

Møre og Romsdals klatrekonge/dronning
( 8.juni 2017)
Devold Nibberittet, Trollstigrittet og Eresfjord Classic samarbeider også i 2017 om å kåre den beste samanlagtryttaren i fylket. Desse tre ritta er alle klatreritt i Møre og Romsdal og blir arrangert ila. tre helger på tidlegsommaren. Det er samanlagttida som avgjer og ein må delta i alle tre ritta for å bli med på samanlagtlista;
  • Laurdag 10.juni Nibberittet
  • Laurdag 24.juni Trollstigrittet
  • Laurdag 1.juli Eresfjord Classic
Dette er alle flotte klatreritt i spektakulær vestlandsnatur med mål på toppen av nokre av landets mest kjente stigningar. Konkurransen er sjølvsagt open også for dei som ikkje bur i Møre og Romsdal. Du er automatisk påmeldt ved å delta i alle tre ritta.


Devold t-skjorter for salg
( 8.juni 2017)
Vi har fått laga ei Devold t-skjorter med vårt eige motiv på som vi skal selge under årets arrangement. Prisen blir kr 300,- pr stk og av dette støttar vi Aktiv mot Kreft med kr 50,- pr t-skjorte. T-skjortene blir å få kjøpt i sekretariatet fredag frå kl 18 - 20, og laurdag frå kl 9. Desse t-skjortene blir det garantert rift om og opplaget er begrensa. Vi har også nokre av dei gamle t-kjortene som vi vil selge for kr 100,-. Her er det begrensa utval i størrelsar.

Lovande vérmeldingar
( 8.juni 2017)
Det er alltid spennande for oss arrangørar korleis veret blir under arrangementet. Det same gjeld nok også for deltakarane. Foreløpig ser det lovande ut og yr.no melder i dag (8/6) omlag 17 grader og sol ved start på laurdag.


Endra målgang for dei eldste i Nibberittet Mini
(26.mai 2017)
I Nibberittet Mini (Sparebanken Møre Reser cup) har vi flytta målgang for den eldste klassa (15-16 år) til Blåfjellsbrakka. Dette er der løypa flatar ut ca 2 km før Djupvasshytta, altså ved der bildet under er tatt. Dermed er løypa på 13.8 km og stigninga på 960 høgdemeter.

Vi håpar dette fell i smak hos ungdommen som likar bakkeritt!


Foto: Knut Arild Maråk


Brøyting av Nibbevegen
(26.mai 2017)
Då er endeleg Nibbevegen opna for sesongen. Det har vore litt ekstra utfordringar for brøytemannskapet i år med meir snø enn det vi har vore vande med dei siste åra. Brøytekantane har visst vore opptil 12 meter høge og det skal då ligge an til ekstra spektakulære forhold for deltakarane våre i årets arrangement.

Sjå filmen frå siste etappe av brøytinga på denne linken til Sunnmørsposten sine sider.


Opning av vegen Geiranger - Djupvasshytta
(21.mai 2017)
Vegen opp til Djupvasshytta opna 15.mai. Ein ventar på at resten av Stavbrekkfonna mellom Djupvasshytta og Langevatn skal gå før det er ope heilt igjennom. Elles er brøytinga av Nibbevegen nesten ferdig og vil opne om få dagar.

Devold of Norway ny hovedsponsor
(13.mai 2017)
Vi er stolte over å kunne fortelje at Devold of Norway er ny hovedsponsor for Geiranger - frå frå til fjell-. Devold har laga arbeids- og fritidsklede i velkjend Devold-kvalitet sidan 1853. Det blir klassevinnarpremiar frå Devold i årets arrangement og representantar frå Devold blir til stades for å presentere dei nye produkta deira.


Vis alle nyheiter
Andre sponsorar: