LogoSponsorlogoar

Nibbeløpet
Start 11.juni 2016 kl. 11.30
21 km - 0 til 1500 m.o.h.

For 23. gongen inviterer Geiranger IL og Eidsdal IL den 11.juni 2016 til denne styrkeprøva som både er eit knalltøft halvmaratonløp og eitt av motbakkeløpa i Norge med største høgdeforskjell. Klikk her for å sjå spektakulære bilde frå arrangementet!

Startlista Nibbeløpet

Løypa startar ved Geirangerfjorden og går knallharde 21 km med nesten kun oppoverbakke. Frå 2014 er det asfalt i heile løypa. Dette er ei skikkelig styrkeprøve og vi garanterer ei kjempeflott oppstigning! Les meir om og sjå fantastiske bilde av løypa her!

Klikk her for oversiktskart og her for detaljert løypekart. Bilde frå løpet finn du i bildearkivet. Resultat frå tidlegare Nibbeløpet/Geiranger Halvmaraton finn du her.

Klasseinndeling
Aldersklasser 17-18 år, 19-22 år, 23-39 år, 40-44 år, 45-49 år, osv. for menn og kvinner.

Langing av drikke
Dei som kjempar om sigeren i si klasse kan kun motta drikke/mat på dei organiserte drikkestasjonane.

Premiering
Til dei tre raskaste menn og kvinner uansett klasse deler vi ut vandrepremie samt pengepremiar frå Sparebanken Møre;
1.premie: 5000,-
2.premie: 3000,-
3.premie: 2000,-

Det vert premiar til dei tre raskaste i kvar klasse. Det vert gjeve bonus ved ny løyperekord, 10 000,- uansett klasse for kvinner og menn.

Premieutdelinga blir kl 17.00 i startområdet. Dei som melder seg på innan 7.juni er også med i trekninga av svært attraktive gåvepremiar! Vinnarane vert ropt opp under premieutdelinga, ingen ettersending av premiar!

Påmelding
Påmelding gjerast via internett. INGEN PÅMELDING VED START! Melder du deg på og betaler innan 7.juni, blir du også med i trekninga av flotte gåvepremiar. Informasjon om kontingentar og lisens finn du her.

Ytterlegare informasjon på telefon 41 78 00 70 eller e-post.

Løyperekord
Herrer: Hans Martin Gjedrem 1.28.57 sett i 2009. Damer: Anita Håkenstad 1.39.54 sett i 2007

Beste tider:
Adelskalender (ikkje oppdatert)

Sparebanken Møre-prisane:
1.premie: 5000,-
2.premie: 3000,-
3.premie: 2000,-
I tillegg betaler vi ut 10 000,- for ny løyperekord!
Deltaking:
200 deltakarar i 2015
217 deltakarar i 2014
206 deltakarar i 2013
146 deltakarar i 2012
172 deltakarar i 2011
192 deltakarar i 2010
206 deltakarar i 2009
168 deltakarar i 2008
119 deltakarar i 2007
85 deltakarar i 2006
74 deltakarar i 2005
95 deltakarar i 2004

Tidspunkt:
11.juni 2016 start kl 11.30
Løypa startar ved Geirangerfjorden og går til toppen av Dalsnibba 1500 moh.




Etter ca 4 km er dei fleste fortsatt friske og raske, men det blei tyngre etterkvart


Ved Knuten var Svein Inge Buhaug like framfor Øyvind Heiberg Sundby, med Hans Martin Gjedrem få sekund bak.


Syklistar og løparar rekk å bli skikkelig stive i den siste unnabakken, 300 meter før mål. Her er det frå venstre Ingvar Gudrit og Håkon Svoen som som for første gong ser målgang.
Andre sponsorar: