LogoSponsorlogoar

Geiranger - Dalsnibba 21 km

Løypa går på veg, som betyr at det er jamn stigning, god plass og hardt underlag. Vi stenger så mykje trafikk som det er praktisk mogleg, særlig dei første 5 km, men litt trafikk vil forekome.

Løypa startar nede ved fjorden ved Fjord1-garasjen i Geiranger sentrum. Det er 4.0 km jamn stigning (1:12) opp til Flydalsjuvet. Dei to neste kilometerane har mindre gjennomsnittleg stigning og går mellom anna på ca 300 m grusveg gjennom Knuten, landets første trafikkmaskin.

Ved Oplenskedal etter 6 km vert det brattare med jamn stigning (1:12) til ca 14 km opp til Blåfjellet. Herfrå er det ca. 2 km med flatare veg til Djupvasshytta. Deretter ventar Nibbevegen.

Djupvasshytta - Dalsnibba 5 km

Den 5 km lange oppstigninga frå Djupvasshytta til Dalsnibba går på Nibbevegen som har ei stigning på 1:8. Denne startar endå brattare dei første 200 meter. Så jamn stigning oppover mot 1450 meter før ein liten nedoverbakke og dei siste 200 m før mål. Frå 2014 er også Nibbevegen asfaltert. Frå Djupvasshytta til Dalsnibba er det 430 m stigning.

Les meir om Nibbevegen.



21 km-løypa har totalt 35 180-graders svingar, og ein total høgdeforskjell på litt over 1500 meter. Det er ikkje berre motbakkar, faktisk er det heile tre slakke unnabakkar på ca. 250 meter kvar.

Dei første 16 km er identiske med den vegstrekninga som på verdsutstillinga i Paris i 1900 vann gullmedalje for framifrå ingeniørkunst. Hoveddelen av løypa vart ferdig i 1889 og har tiltrekt besøkande frå heile verda sidan då. I 1939 vart Nibbevegen opna og den er i dag ein av landets største turistattraksjonar. Vegen frå Geiranger til Dalsnibba opnar vanlegvis i midten av mai og Nibbevegen opnar vanlegvis tidleg i juni.

Det er plassert ut 7 drikkestasjonar langs løypa der vi byr på sportsdrikk, brus og vatn. Du finn fleire bilde frå rittet i bildearkivet.

Stenging av Nibbevegen for motorisert trafikk
Nibbevegen vert stengt for motorisert trafikk under løpet slik at utøvarane har vegen og naturen for seg sjølve!

Klikk for å sjå kartet i stor versjon.


Klikk for å sjå sentumskartet i stor versjon.

Klikk for å sjå Visitnorway.com sine fantastiske panoramabilde frå Geiranger.

Høgdekurve

Samanlikning mellom Nibberittet og nokre bakkar i Tour de France.


Klikk for å kart frå google. Bruk scrollehjulet for å zoome ut og inn. Høgdekoter er innteikna.

Her er brøytekanten som høgast, opp mot 10 meter? Her er ein straks i mål berre nokre hundre meter att
Andre sponsorar: