![]() | ![]() |
|
|
| ||
|
Orbea Cup
Start 15.juni 2013 kl. 10.58 4/8.5 km - 300/500 høgdemeter.
Nibberittet Orbea Cup er eit turritt for born der alle i alderen 11-16 år kan delta. Start er ved Geirangerfjorden og målgang avhenger av alderen.
Dei yngste (11-12 år) har mål på Flydalsjuvet etter 4.0 km, 300 meter over havet. Dei eldre (13-14 og 15-16 år)
har målgang ved inngangen til Kvanndal etter 8.5 km og ca 500 høgdemeter. Rittet inngår i Orbea Cup som er ein cup for unge syklistar i Møre og Romsdal.
Løypa går på asfaltveg med stigning 1:12 fram til mål for dei yngste etter 4 km. Deretter flatar vegen noko ut i 3 km, før det igjen er jamn stigning ca 1:12 dei siste 1.5 km for dei eldste. Løypa er avstengt for trafikk under løpet. Arrangør er Eidsdal IL. Det er busstransport for både utøvarar og syklar tilbake til fjorden etter målgang. Det er ikkje tillatt å sykle tilbake frå mål for nokon av deltakarane. Sjå startlista i Orbea Cup. Starten går kl 10.58 for alle aldersklassene. Klasseinndeling i Orbea Cup
Premieutdelinga skjer i Geiranger sentrum kl 17.00. Medalje til alle som fullfører. Det vil også bli 1., 2. og 3. premie i kvar klasse, maksimalt 1/3-dels premiering. Det vert også trekking av gåvepremiar på startnummer for dei som melder seg på før 7.juni. Har du delteke i eitt eller fleire av ritta som er med i Orbea Cup er du med i trekninga av ein sykkel. Påmelding Du må melde deg på på nettsida innan fredag 14.juni kl 12.00. Då er du også med i trekninga av gåvepremiar. Ingen påmelding på arrangementsdagen! Du kan betale startkontingenten når du hentar startnummeret. Startkontingenten er på 50,- Har du spørsmål? Kontakt Eidsdal I.L. v/Merete Rønneberg tlf. 99 37 65 85.
|
Løypa startar i Geiranger sentrum. Mål for 11-12 år er på Flydalsjuvet etter 4 km og 300 høgdemeter,
mål for 13-14 og 15-16 år er ved Kvanndal etter 8.5 km og 500 høgdemeter.
![]() Odin Mathias Mork (nr 1061) og Ola Løfald i Nibberittet5.
![]() Løypekart frå maps.google.com, med start (A), mål for 11-12 år (B) og mål for 13-16 år (C).
![]() Her ser vi teten til venstre og dei øvrige halsane like bak rett etter start.
|
||||||||||||||||
| |||||||||||||||||