LogoSponsorlogoar

Reisetips

Det er tre måtar å kome seg til Geiranger på.
  • Frå Strynefjellet i aust, det mest naturlege frå Oslo og Otta. Då køyrer ein store delar av trasséen i nedoverbakke.
  • Frå vest, via ferge til Eidsdal. Enklast frå Ålesund og Trollstigen.
  • Frå sør med ferge frå Hellesylt gjennom Geirangerfjorden. Dette er kanskje den vakraste måten å kome til Geiranger på.
Fjellovergangen austover mot Strynefjellet opnar vanlegvis i slutten av mai/byrjinga av juni og er vanlegvis open når Geiranger - frå fjord til fjell blir arrangert. Grunna store snømengder og ei snøfonn vart ikkje denne vegen opna før etter at Geiranger - frå fjord til fjell vart arrangert i 2005. Dermed måtte ein kjøre enten via Stryn og Hellesylt, eller via Åndalsnes og Sjøholt for å kome til Geiranger austfrå.

Ein av deltakarane i Halvmaraton dette året visste ikkje om stenginga, og hadde ikkje tid til å køyre rundt. Han tok dermed beina fatt og sprang gjennom det rasfarlige området, fekk skyss ned til sjøen og vann heile løpet! Etterpå jogga han gjennom det rasfarlige området tilbake til bilen.

Trollstigen på riksveg 63, 70 km frå Geiranger, er ein annan fin måte å kome seg til Geiranger på.

Kor Geiranger ligg samt andre utholdenhetsarrangement i Noreg finn du ved å klikke på kartet.

Den nordgåande Hurtigruten har daglege anløp (berre passasjer). Køyrer ein om Åndalsnes og Valldal får ein med seg Trollstigen på turen.

Avstandar til Geiranger:

Ålesund 100 km
Trondheim 380 km
Oslo 455 km
Bergen 345 km
Åndalsnes 85 km
Andre sponsorar: