LogoSponsorlogoar

Skitur til Blåtind, 9.juni

I fjella rundt Geiranger ligg snøen til langt utpå sommaren og nysnø er heller ikkje uvanleg i juni. Det er ganske spesielt å spenne på seg skia medan det er full sommar ved fjorden. Dette vil vi gjerne ha DEG med på!

Vi har derfor sett opp guida skitur til Blåtid dagen etter arrangementet. Blåtind er ein nabotopp til Dalsnibba og ligg på grensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Toppen er 1663 meter havet og er forholdsvis lett tilgjengelig frå Djupvasshytta. Avhengig av snøforholda brukar ein ca 2 timar opp, der nokre parti midtvegs er brattare enn starten og slutten. Kart over Blåtind.

Turen er leia av lokal guide og kostar kr 175,-. Oppmøte er kl 11.00 ved Djupvasshytta. Vi anbefaler ski med stålkantar og fellar. Påmelding gjer du når du melder deg på arrangementa eller ved å kontakte knut@frafjordtilfjell.com. Betaling skjer ved start.

Vi gjer merksam på at det ligg ein isbre eit stykke søraust for den ruta som guiden kjem til å ta. Denne er ofte skjult under snøen i juni. Forhøyr deg difor med kjentfolk om du legg ut på denne turen på eiga hand.

Sjå også andre aktivitetar


Djupvatnet i bakgrunnen (Foto: Knut Arild Maråk)


Utsikta frå toppen mot Dalsnibba (Foto: Knut Arild Maråk)

Nibberittdeltakarar i siluett med Blåtind i bakgrunnen.


Blåtind til venstre


Blåtind til venstre, her også med skispor.
Andre sponsorar: