LogoSponsorlogoar

Devold Nibberittet
Start laurdag 10.juni 2017 kl. 12.00
21 km - 0 til 1500 m.o.h.

Devold Nibberittet er eit tur- og trimritt på 21 km arrangert for 18. gongen. Det går frå Geiranger sentrum og opp til Dalsnibba, 1500 m.o.h. Rittet er eit samarbeid mellom Eidsdal IL og Geiranger IL.

Løypa startar ved Geirangerfjorden og går knallharde 21 km med nesten kun oppoverbakke. Frå 2014 er alle dei 21 km på asfalt, bortsett frå ca 300 m grus etter 5 km. Dette er ei skikkelig styrkeprøve og vi garanterer ei kjempeflott oppstigning! Her kan du lese om løypa. Mange spektakulære bilde frå arrangementet finn du her. Sjå også reklamefilm for Nibberittet!

Startlista Devold Nibberittet.

NB: I 2017 er starttidspunktet endra samanlikna med tidlegare år. Det er ikkje mulig å starte 1 time tidlegare og starttidspunktet i 2017 er kl. 12.00. Vi ønskjer at alle som trur dei brukar meir enn 3 timar stiller i trimklassa utan tidtaking (Nibberittet trim).

Møre og Romsdals klatrekonge/dronning
Også i 2017 inngår Devold Nibberittet i Møre og Romsdals klatrekonge/dronning saman med Trollstigrittet og Eresfjord Classic. Dette er tre skikkelige klatreritt i fantastisk natur, alle ila. tre helger i løpet av sommaren.

NB: Det er viktig at du som syklar ned att etter målgang ikkje køyrer som ein villmann men tek hensyn, særlig i svingane! Sjåførane av arrangørbussane har hjertet i halsen kvart år pga. dette og kan fortsatt vere deltakarar på veg opp når du syklar ned att. Grisekøyring ned att vil føre til diskvalifisering!

Klasser
Devold Nibberittet har frå 2017 følgjande klasser:
  • Turritt for damer og menn 17-18 år, 19-29 år, 30-39 år, 40-49 år, osv. tom. 70+. Personar under 17 år har ikkje anledning til å delta. Alle typer ikkje-motoriserte syklar tillat.
  • Trimklasse utan tid for damer og menn. Alle syklar tillatt, også elsyklar.
Vi ønskjer at alle som trur dei brukar meir enn 3 timar stiller i trimklassa utan tid (Nibberittet trim).

Premiering
Alle fullførande får ein medalje. Vi premierer i tillegg dei 1., 2. og 3. beste tidene innan kvar aldersklasse (maks. 1/3-dels premiering). I tillegg kjem vandrepremie for den beste tida blant damer og herrer.

På vegne av Sparebanken Møre deler vi ut pengepremiar for dei tre raskaste damer og menn:
1.premie: 5000,-
2.premie: 3000,-
3.premie: 2000,-

(maks. 1/3-dels premiering).

Det delast ut bonus for ny løyperekord på 10 000,- blant alle damer og menn.

Premieutdelinga blir kl 16.30 i startområdet.

Alle deltakarar er med i trekninga av svært attraktive gåvepremiar! Vinnarane av desse vert kåra under premieutdelinga og premien må også hentast der. NB: ingen ettersending av premiar!

Resultat frå tidlegare utgåver av Devold Nibberittet finn du her.

Langing av drikke
Undervegs i rittet kan dei som kjempar om sigeren i si klasse kun motta drikke/mat frå dei organiserte drikkestasjonane.

Påmelding
Påmelding gjerast via internett, sjå startkontingentar under. Informasjon om kontingentar og lisens finn du her.

Har du ikkje heilårslisens må du løyse eingonglisens. Den er på 150,- (for betaling tom. 10.mars) eller 200,- (for betaling etter 10.mars). Eingonglisensen legg du til når du melder seg på. Les meir om lisensar her.

Praktisk informasjon

Har du spørsmål? Kontakt Eidsdal I.L. v/Merete Rønneberg tlf. 99 37 65 85.

Løyperekord:
Menn: Bjørn Tore Hoem (Team Sparebanken sør) på 1:00:26 i 2014.
Damer: Ingrid Lorvik (CK Victoria) på 1.11.45 i 2015.

Beste tider:
Adelskalender

Pengepremiar på vegne av Sparebanken Møre:
1.premie: 5000,-
2.premie: 3000,-
3.premie: 2000,-
I tillegg betaler vi ut 10 000,- for ny løyperekord!
Deltaking:
348 deltakarar i 2016
289 deltakarar i 2015
441 deltakarar i 2014
342 deltakarar i 2013
353 deltakarar i 2012
384 deltakarar i 2011
464 deltakarar i 2010
372 deltakarar i 2009
388 deltakarar i 2008
288 deltakarar i 2007
202 deltakarar i 2006
160 deltakarar i 2005
146 deltakarar i 2004
149 deltakarar i 2003

Tidspunkt:
10.juni 2017 start kl 12.00
Løypa startar ved Geirangerfjorden og går til toppen av Dalsnibba 1500 moh.




Knuten passerast etter ca 5 km, og etterfølgjast av den første nedoverbakken


Etter 8 km går løypa på grusveg for andre gong


Her rett før Blåfjellsbrakka er størstedelen av hovedstigninga unnagjort, og ein startar på eit litt flatare parti, før det igjen blitt bratt ved Djupvatnet.


Her ser ein Djupvatnet og austover mot Skjåk. Dette er i den brattaste delen av løypa, og her er det att knapt 3 km


Nibberittdeltakarar i siluett med Blåtind i bakgrunnen.
Andre sponsorar: