![]() | ![]() |
|
|
| ||
|
Siste nytt frå arrangøren Vis alle nyheiter
Orbea Cup (10.mai 2013) Orbea Cup er ein sykkelcup for unge syklistar i Møre og Romsdal og Nibberittet inngår som eitt av året ritt. Kun dei mellom 11 og 16 år kan delta og start er i Geiranger sentrum. 11- og 12-åringane skal sykle til Flydalsjuvet (4 km) medan dei mellom 13 og 16 år har mål etter 8.5 km (Uragjerdssvingane). Dette er ei flott mulighet for dei yngste til å teste kreftene i motbakkane! Flott omtale av Nibberittet i Sykkelmagasinet nr 4 ( 5.mai 2013) Artikkelen kan du lese her (pdf). Til alle bedriftsidrettslag (15.april 2013) Har du lyst til å få med kollegaer til Geiranger den 15.juni? Vi inviterer bedriftsidrettslag til ei flott helg i Geiranger der de enten kan sykle, springe eller gå dei 21 km frå Geirangerfjorden til Dalsnibba. Vi treng liste med namn, fødselsår og arrangement og vi kan også sende faktura for fellesbetaling. Dette er ei flott utfordring som alle kan fullføre! Rimelig kontingent før 15.mars ( 4.mars 2013) Før 15.mars er påmeldingskontingenten til Nibberittet og Nibbeløpet kun på 399,- Meld deg derfor på dei neste dagane og spar ein slant! Fjelltur 23.juni ( 9.februar 2013) Helga etter Geiranger frå fjord til fjell kan du ta del i ein flott fjelltur til Heimste-Skorene. Dette er ein del av ei fjellrekke på 1700-1800 meters høgde mellom Geiranger, Eidsdal og Norddal. Fjellturen er ein del av Midtsommardagane i Norddal. Les meir om turen her. Foto: Simo Räsänen Nibbevegen blir asfaltert i august 2013 (16.januar 2013) Geiranger Skysslag, som eig Nibbevegen, har tidlegare beslutta å asfaltere resten av Nibbevegen. No er tidspunktet satt - asfalteringa skal skje på slutten av årets turistsesong. Dermed reknar vi med at tidene spesielt i Nibberittet vil bli betre i påfølgande år. Dette betyr at om du blir med i 2013, blir det enkelt å forbetre tida di i 2014! Gje ei påmelding i julegåve! (10.desember 2012) No kan du laste ned vårt julegåvebevis, som gjer at du kan gje ei påmelding i julegåve. Meld på deg sjølv og vedkommande, last ned og skriv ut julegåvebeviset og legg det under juletreet til vedkommande. Julekvelden er redda! Vi har opna for påmelding ( 1.november 2012) Påmeldinga for Geiranger frå fjord til fjell 2013 er opna! Datoen er laurdag 15.juni. Hugs å bestille overnatting for heile helga! Litt praktisk (14.juni 2012) Nokre praktiske opplysningar:
Vi håpar de får ei fantastisk helg i Geiranger! ![]() Foto: Elisabeth Maråk Støle Trollstigen blir stengd laurdag 16. juni mellom 09.00 og 13.00. (13.juni 2012) Viktig melding for dei som har tenkt å kjøyre over Trollstigen laurdag 16. juni. Grunna markering av Nasjonal turistveg Geiranger - Trollstigen og opning av det nye Trollstigplatået blir Trollstigen stengd mellom 9.00 og 13.00. Frå 13.00 til 15.00 vil det være kolonnekjøyring. Nibbevegen i dag ( 9.juni 2012) Slik ser øverste del av Nibbevegen ut akkurat no. Vegen vil bli tørrare og fastare i dagane som kjem, og vi ventar også at ein del av småsteinane vert køyrt ned i vegen. Kom og tren på Nibbevegen!
Nibbevegen open ( 7.juni 2012) I dag ettermiddag opna Nibbevegen etter vinterstenginga, så no er frå fjord til fjell-løypa open frå start til mål! Som de ser er det nok av snø. Vi kjem tilbake med bilde av vegen sin tilstand. ![]()
Årets t-skjorte ( 6.juni 2012) Vi har no fått årets t-skjorte frå vår leverandør i Stryn. Den er i ein lett, fin teknisk kvalitet som er ypperleg til trening og fritid og er å få i to variantar med ein fin lillafarge for damer og ein frisk raudfarge for herrar. Du kan sikre deg eit flott og praktisk minne frå arrangementet for kun kr 250,-. T-skjorter vert å få kjøpt i sekretariatet fredag 15/6 frå 18.00 - 20.00 og laurdag frå kl 9.00 - 17.00. Sykkelspesialisten stiller ( 6.juni 2012) Sykkelspesialisten stiller med stand under årets arrangement. Dei stiller med syklar, utstyr og verktøy og kan også yte nødhjelp for uheldige. Besøk dei i Ålesund sentrum når du er ute etter nytt sykkelutstyr!
Rapport frå Nibbevegen ( 5.juni 2012) Siste nytt frå brøytinga av Nibbevegen er at dei to snøfresane nærmar seg toppen og berre har eit par hundre meter att før dei når platået. Det er forholdvis mykje snø i fjellet i år og dette medførte at dei måtte bruke gravemaskin på eit parti av vegen fordi sjølv den største fresen ikkje strakk til. Låg temperatur siste veka har faktisk gjort at det har kome meir snø. Det ser dermed ut til at det blir spektakulære forhold langs løypa i år med mykje snø og høge brøytekantar. Dersom vi i tillegg får brukbart vér blir dette ei kjempeoppleving for deltakarane. Høge brøytekantar kan enkelt stader gjere løypa litt uoversiktlig og vi ber deltakarane og då spesielt syklistane vere oppmerksomme på dette og vise hensyn, særleg på vegen ned att. Geirangervegen opnar til helga (30.mai 2012) Avisa Sunnmøringen skriv at Geirangervegen opnar til helga. Dette er altså Rv 63 frå Geiranger til Langvatn på Strynefjellet. Dette betyr at det er mykje enklare å kome seg hit austfrå, og at sommarsesongen for alvor er i gong. Brøytinga på Nibbevegen er i full gong, men det er enno for tidleg å seie når denne vil opne. Nibberittet toler samanlikning med dei hardaste fjella i Tour de France (15.mai 2012) Ei samanlikning med dei hardaste bakkane i Tour de France viser at Nibberittet er heilt der oppe. OK, så har du ikkje sykla 150 km og to fjell før du kjem til Nibberittet. Blir det ikkje hardt nok for deg, kan du bli med i Nibbedobbelen og springe den same løypa til topps etterpå! Omtale på tv2.no/sporty ( 9.mai 2012) Nibbedobbelen har fått flott omtale på TV2 Sporty. Dei skriv m.a. at dobbelen er eit prøveprosjekt i høve 20-årsjubileet vårt. Nibbedobbelen (12.april 2012) Vi lanserar Norges tøffaste duathlon - Nibbedobbelen! Først syklar du dei 21 km frå fjorden til Dalsnibba, så rullar du tilbake til start. Deretter spring du den same distansen! Vi har sett opp dette som ei prøveordning i 2012. For påmelding, meld deg på i både Nibbeløpet og Nibberittet og skriv i kommentarfeltet at du vil vere med i dobbelen. Totalpris er 700,- + evt. eingongslisens for sykkel på 200,- Denne er kun for dei tøffaste! 71°nord frå Geiranger (10.mars 2012) Måndag 12.mars visast 71°nord frå Geiranger. Kjendisane skal padle inn Geirangerfjorden og så sykle frå sentrum til Dalsnibba, dvs. Geiranger frå fjord til fjell-løypa. Følg med på TVNorge kl 20.30! Vis alle nyheiter |
|||||||||||||||||
| |||||||||||||||||